• LUDO

Nyttige innblikk i GLU-studentar sine tankar rundt PfDK

Skrevet av Aslaug Grov Almås og Cathrine Tømte

Foto: Tine Poppe, USN

LUDO er eit prosjekt i grunnskulelærarutdanninga med målsetting om «Å stimulere til at GLU-studentane utviklar profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK) under utdanning og blir godt førebudd til å bli lærarar i digitale omgjevnader». Vi har fulgt prosjektet som følgjeforskarar frå sidelinja.


Tilsette i lærarutdanninga har ei viktig rolle og difor starta vi følgjeforskinga med ei systematisk kartlegging av deira haldningar til- og praksisar med profesjonsfagleg digital kompetanse gjennom ei spørreundersøking og intervju. I kor stor grad var PfDK ein del av grunnskulelærarutdanninga og korleis vart tematikken arbeidd med? I andre del intervjua vi lærarstudentar om korleis dei opplever situasjonen i utdanninga. Her spør vi: Korleis vert den profesjonsfaglege digitale kompetansen integrert og arbeida med i faga? Vidare i dette blogginnlegget er det studentane sine ytringar vi vil kommentera.


Omgrepet PfDK er nok ikkje like godt utbreidd i heile studentmassen, men ved meir grundig gjennomgang av dei ulike kompetanseområda i PfDK-rammeverket seier studentane i intervjua at dei føler seg trygge på desse. Samstundes viser intervjua at dei først og fremst framhevar dei meir tekniske sidene knytta til det å undervisa om og med teknologi. Dei viser til korleis dei lærer seg teknikkar og framgongsmåtar på Youtube og andre nettstader. Det kan dreia seg om «tutorials» for å kopla til ein skrivar, men også idear til undervisingsføremål.


I PfFK-rammeverket finn vi også området Etikk. Å vera ein profesjonsfagleg digital kompetent lærar vil seia at ein må ha kjennskap til dei etiske sidene ved digitalisering, som personvern, opphavsrett, informasjonssikkerhet og nettvett. Eitt døme som kan trekkjast fram er korleis ei gruppe studentar i eit av intervjua reflekterte rundt eit nakenbilete, også kjent som «nudes» Her meinte fleire at undervisinga i seksualundervising i lærarutdanninga var gamaldags og ikkje tilpassa ungdommane sin digitale kvardag. Gjennom intervjuet viste det seg at den aktuelle gruppa av studentar heller ikkje reflekterte over bruk av «nudes» i samanheng med gjeldande lovverk knytta til opphavsrett og deling av bilete, med andre ord heilt sentrale deler av det vi ofte omtalar som digital dømmekraft. Dette er verdt å leggja merke til.


I intervjua peikar mange studentar på at overgongen frå lærarutdanning til ferdig lærar i praksis kjem til å bli utfordrande på fleire område, også digitalt. Her uttrykkjer dei eit ynskje om å i større grad få diskutera føremoner og ulemper med bruk av ulik teknologi både pedagogisk og teknisk gjennom dei faga dei til ei kvar tid studerer i løpet av lærerutdanninga.


Korleis kan ein i LUDO, og i lærarutdanning generelt, få til ein betre bruk av studentane sine erfaringar og kompetanse når ein arbeider med PfDK? I intervjua trekkjer studentane fram lærerike erfaringar frå utdanninga. Nokre studentar trekkjer fram døme på korleis lærarane har brukt digitale verktøy ulikt i ulike læringsaktivitetar. Målet til lærarutdannaren har vore å opparbeida metarefleksjon over kva som skjedde i dei ulike aktivitetane når vilkåra endra seg. Ei gruppe studentar trekkjer fram at dei saknar metarefleksjon over lærerutdannarane sine pedagogiske valg i eiga undervising. Dei etterlyser lærarutdannarar som er flinkare til å grunngje sine eigne undervisningsvalg og som kan diskutera dette med studentane.


Lærerutdannaren har som kjent ein dobbel funksjon ved å både formidla fag og samtidig vera ein god rollemodell. Dette snakkar vi ofte om i fagdidaktiske samanhengar. Vi tolkar imidlertid studentane slik at når det gjeld bruk av digitale ressursar kan både studentar og faglærarar ha noko å læra av kvarandre. Her kjem tillit og relasjonar inn. Er faglærar open for innspel frå studentar kan dette skapa gode relasjonar og arenaer for erfaringsdeling. Ei slik tilnærming til studentane kan studentane også læra av og ta med seg videre inn i eigne klasserom når dei skal begynna å jobba som lærarar.


Det er mange utfordringar knytta til å vera lærar i skulen i ei digital tid. Studentane innehar ein heil del kompetanse knytta til teknologi, men den profesjonsfaglege digitale kompetansen dei treng som lærarar utviklar dei best i samspel med lærarutdannarane i universiteta og lærarutdannarane i praksisfeltet.


Foto: Tine Poppe, USN

194 visninger

Læring og undervisning i digitale omgivelser

USN_logo_rgb.png
  • Hvit Facebook Ikon

© Copyright 2019 by LUDO

Kontakt

Universitetet i Sørøst-Norge

Adresse

Universitetet i Sørøst-Norge
Postboks 235
3603 Kongsberg